Opplevingar og aktivitetar


Rafting
Ekstrem aktivitetar

Oppheim Hotell & Resort ligg ikkje langt frå ekstremsport staden Voss. Om ein ynskjer å prøva seg på aktivitetar i det våte element er rafting, elvebrett og juvvandring både spennande og utfordrande. Vil ein heller halda seg på land er rappelering å anbefala.

 

Rafting elvFiske

Hotellet leiger ut båtar , fiskeutstyr og ein kan få kjøpa fiskekort for aurefiske i Oppheimsvatnet. Her er mange fine fjellvatn og elvar i nærleiken med mye fin aure, så her er det berre å kroka på og freista fiskelukka.



Oppheimsdalen 1Guida fjellturar

Me samarbeider med ulike lokale aktørar og kan by våre gjester guida fjellturar med Voss Rafting. Dei arrangerer turar i Vossafjella og turane vert lagt opp etter gruppa sine ynskjer. Her kan ein få både kort og lange, lette eller harde turar. Dette passar like godt for familiar som for større grupper eller firma.


NærøyfjordenNæryfjorden og Flåm

Om lag 30 minutt unna hotellet ligg Nærøyfjorden. Ta ein båttur frå Gudvangen og la deg imponera over storslått norsk natur på sitt aller vakraste. Ved endestopp i Flåm kan ein ta ein liten tur til Ægir Bryggeri. Dette minibryggeriet er bygd i norrøn vikingstil og har og ein pub kor ein kan få smaka på drykken. Flåmsbana er og vel verdt ein tur.

 

Voss fjellandsby paraglaiding 3Myrkdalen Fjellandsby

Hotellet ligg midt i eit vinterparadis! Med skiheis 10 meter frå hotellet som tek deg opp på om lag 990 m, her kan du renna slalom ned igjen, eller ta ein fantastisk skitur vidare opp på fjellet eller over til Myrkdalen. I Myrkdalen finn ein 9 skiheisar og eit flott alpinanlegg for slalom, snowboard og aking. Her finn ein og preparerte langrennsløyper og ljosløypa.

Brakanes Group